onsdag 30. november 2011

Bursdagskort til min bror :)

Dette kortet blei laga når eg var på hyttetur i begynnelsen av september. Mannekort er vanskelig å lage, men med litt hjelp av Ett trykk fekk eg til eit kort eg blei fornøyd med :)
På dette kortet har eg brukt :
Bazzill: Her er eg usikker på fargen...
Mønsterark: Papirdesign og eit ark frå Nille
Annet: Charms frå Kuttut,eyelets frå panduro (Scrapbooking moments), kjede frå Tim Holtz
Stempel: Motorsykkel North Star Stamps, tekst Kreativ Hobby Design

No kan eg endelig blogge om det sidan bursdagen er vel overstått :)
Ønsker alle ein fortsatt flott førjulstid :)

søndag 27. november 2011

1. søndag i advent :)

Her er nedvasken til jul begynt og eg har ikkje så mykje att av stue/kjøkken. Så no har eg fått litt adventstemning her i leiligheta. Det er slik ei koselig tid dette her, mykje lys rundt omkring i alle vinduer:) Eg er veldig glad i å pynte til jul og har funnet fram eskene mine som eg kan kose meg med. Blir vel til at eg pynter  litt kver dag. Og eg må vel begynne og bake litt og, godt eg har ei veke ferie snart ;)
Her er litt bilder frå ikveld :)
Stjerna er komt på plass :)
Mac ikkje så fornøyd med å bli stilt opp for å ta bilde...

Litt meir fornøyd :)
Adventstemning på Midttunet :)
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede
Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede

Mac fant ut at det var komt noko kvitt på altanen vår og var svært fornøy med det :) Idag reist min bedre halvdel på tur, men før han reist fekk han opp utelysa vi har på altanen vår. Så det er koselig ute på altane vår og ;)
Lysa tent ute og :)
Mac koser seg :)


Ha ein fortsatt flott første advent :) Og takk for titten.

søndag 20. november 2011

Bursdagskort

Lenge sidan sist oppdatering no. Men får legge ut eit bursdagskort eg lagde til fadderungen min, er vel fire veker sidan han feira dagen sin no... Idag er det søndag og eg tenker eg skal begynne å rydde(no har eg tenkt det sidan igår, så kanskje det blir litt action idag), leiligheta treng ein nedvask til jul og det er jo ikkje lenge til første advent heller (berre ei veke att). Eg gleda meg til å få begynne å pynte til advent og jul. Adventstida er ei koselig tid.
Elles så har det blitt lite hobby idet siste, motivasjonen for hobby har ikkje vore tilstede....
Her kommer bilder frå kort som blei laga :)
På dette kortet har eg brukt :
Bazzill: Mørkeblå og lyseblå
Mønsterark: Maja Design: Skjærgårdsliv og Västkusten
Stempel: La-la-land "Pirate Luka", farga med Distress Ink
Annet: Charm og jump rings frå Kuttut, knapp, Tim Holts Hanger clips, bokstavane husker eg ikkje namnet på, men er eit alfabet frå Quickuts, hjørnene er runda med hjørnepunch.
 
Elles har eg laga ein Layout av Mac (såklart) :) Legger ved bilder av den og.

Bazzill : Svart og grå (den grå er bling)
Mønsterark: Papirdesign par i hjerte, grå og Maja Design Crea Diem, om du vil älskas.
Annet: Kantana er sverta, blomster og halvperler, pins, thickers

Ønsker alle ein flott søndag:) Eg får vel prøve å begynne med litt huslige ting. Takk for titten

tirsdag 8. november 2011

Enda ein flott novemberdag :)

Idag har det vore enda ein flott dag. Så eg og Mac satte oss i bilen og kjørte av sted. Idag tok vi turen mot Håsteinen, men sidan eg går aleine er eg ein smule pinglete og stoler ikkje heilt på at eg finn veien tilbake. Så når det ikkje blei sti meir, men mange små varder, snudde eg. Eg blei og litt bekymra for klokka. Det blir tidlig mørkt no. Men vi fekk oss ein kjempeflott tur uansett :)
Litt bilder blei det og tatt :)
Håsteinen
Mac fekk bade :)

E vi ikkje snart ferdig å ta bilder, LEI no...

Utsikta
Bratt å gå :)





No er Mac sliten og rolig. Og det er nok snart leggetid for meg og :)
Men må legge ut det ferdige fuglebrettet som John har laga. Blei stilig ikkje sant??
Fuglebrettet er ferdig :)
Takk for titten:)

søndag 6. november 2011

Fuglebrett :)

John har endelig fått fuglebrettet saman og er begynt å male det. Elles idag er det eit flott ver, sol og varmt og vi er komt til november.
Idag tok eg og Mac turen til Brandsøyåsen, mykje folk der idag.
Elles så håpa eg at det skal bli tid til litt hobby idag :)
Fuglebrett begynner å ta form :)
Maling er begynt å komme på

Enda meir maling er komt på. Blir stilig eller ka??
Idag har det vore cupfinale og leit at BRANN ikkje klarte det idag. Men lite å gjere med det.
No skal eg sette meg ned med litt hobby og kose meg :)

Ha ein flott søndagskveld. Og takk for titten :)

torsdag 3. november 2011

Solskinn :)

Nydelig høstver ute idag, og tranga til ein fjelltur blei for stor :) Idag tok vi turen til Hatlesetnipa att, og Mac var fornøy sidan han fekk løpe laus og fekk ut ein del energi. Kunne vi berre fått fleire slike daga....
Vi gjekk opp frå Grov, det er den ruta eg lika best. Når eg svinga inn der vi parkere, blei det høglytt i bilen ;) Mac bjeffer og piper når han veit at det er noko gøy som skal skje ;)
På vei opp :)
Gal hund koser seg ;)
Nesten oppe :)
Oppe :)
Mac koser seg :)
Idag begynt min bedre halvdel på eit fuglebrett vi skal ha utafor. Så no må eg vel snart omdøype bloggen til vår ;) Trur fuglebrettet kjem til å bli stilig, her kjem nokre bilder og når det er ferdig skal eg så klart legge ut fleire bilder ;)
Første del er snart klart, ka i alle dager skal dette bli...
Flinke gutten min
Første del er klart, berre resten att ;)
Vel det var det eg hadde idag. Ønsker alle ein flott torsdagskveld vidare. Takk for titten :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...